Lite peng

3 views

Lyrics

Går du og venta på at nokon kjem.
 Går du og venta på at du bi den.
 Legg du store plani i skjul
 som ei løve ligg på lur.
 Har du gått i årevis og sett på
 mens alle andre gjekk rett på.
 Du er kje akkurat den som kjem
 som eit naturfenomen.
 Det er fleir som er som deg.
 Det er fleir som er som deg.
 Va du ego og dårleg likt
 fekk du stryk i sjølinnsikt.
 Skulle ha tatt ein prat me to
 funne ut kor me stod.
 Problemet er kje i skallen din
 men hjå alle rundt deg rundt omkring
 Det er fleir som er som deg.
 Det er fleir som er som deg.
 Har sjele di fått varig mén
 tå lite peng og dameproblem.
 Det er fleir som er som deg.
 Kjære Gud
 du er vel lei store ord.
 Om du kjem; kom sjøl.
 Ikkje send junior.
 Har du vurdert å legge om
 te litt roleg kontemplasjon.
 Treng ingen masterplan
 prioritere småting i stan.
 Har sjele di fått varig mèn
 tå lite peng og dameproblem.
 Det er fleir som er som deg.
 Det er fleir som er som deg.
 Har sjele di fått varig mèn
 tå lite peng og dameproblem.
 Det er fleir som er som deg.
 Det er fleir som er som deg.

Audio Features

Song Details

Duration
04:36
Key
5
Tempo
112 BPM

Share

More Songs by Stein Torleif Bjella

Albums by Stein Torleif Bjella

Similar Songs